No More della Torre d'Ovarda

Her har me den glade, lykkelige og sprelske Rachele

Rachele på Totland

Her vil det koma litt om Rachele, ei sprelsk italiensk Berner Sennen tispe.

Til vanlig høyrer Rachele heime i Hauagata på Sandnes hos Margunn. Når Margunn blir trøytt og lei av "hundelivet" sitt, flyttar Rachele ut til oss på Tjelta. Gnisten syns det er ok med besøk, men det er berre ok og det.

Rachele var 1, 5 år når ho kom frå Italia til Margunn. Ein merkar godt ho har stått i kennel. Ho må nok ha kjempa både for oppmerksomhet, mat og kos i kennelen, for ho skal ha oppmerksomheit heile tida. Når ho kom her fyrste gongen, var ho så stressa og oppkava, at fy. Ho hadde nesten ikkje føtene nede på golvet, hoppa og dansa rundt. Kjøyrde rundt i sofaen som eit anna damplokomotiv, sjå på meg, sjå på meg, meg fyrst.
Og om den stakkars "vesle Gnisten" prøvde å få seg litt kos, kom frk Rachele durande og gav tydeleg uttrykk for, MEG fyrst! Som den gentlemen Gnisten er, trakk han seg fint unna. No har ho heldigvis roa seg godt ned. Ein kunne lura på om det var godt for hjarta hennes, med alt det stresset.
I dag har ho lært seg at alle 4 føtene skal væra plassert ned på golvet,  ellers blir det nix kos og klapp. Det held hart, men det går på fram med henne.        

Stabburets leverpostei

Mat var ho heilt vill etter, ein skulle tru at ho aldri hadde fått nok mat. Så eg må passe på å gje Gnisten og Rachele mat på forskjellige plassar. Ei skive med leverpostei vankar det morgon og kveld. Når skiva skal smørjast står dei klar og ventar, Rachele syns det er urettferdig at ho må sitja for og få den. 

Ho er ein løyen hund, frøken Rachele. Me har oss mang ein god latter av henne.
Er eg så syndig og legg meg litt på sofaen, ja, då kjem det "dyret" og skal ha oppmerksomhet. Då klatrar og klyv ho opp på meg og her legg ho seg godt til rette, "har me det ikkje bra no seier augene hennes". Då er det ein kamp for å få henne ned, er ganske tungt med 50 kg hund på magen. Ho veit godt at sofaen er forbudt område, men det er lov å prøve seg
Her i huset har me alle dørene i huset åpne, slik at hundane kan gå fritt rundt, natt som dag. Når ho syns det er tid til å stå opp om morgonen, høyrer eg berre tass, tass. Så kjem ho fram til senga, stoppar og ser strengt på meg. Er det reaksjon på meg, er det full fart på henne.  Eg kan ikkje blinke med augene, eller røre på ein finger, ein gong. Er eg i ro, snur ho på helen og går i gangen og legg seg.   

Eg og du Gunnar

Her ser ein Rachele og Gunnar. Her har eg det heilt topp, og all den oppmerksomheta som eg får hjå han.
No får tida er ho på vitjing i Hauagata, slik er det kvar gong ho har løypetid. Ho skal ikkje gå her og friste den vesle Gnisteguten te n mor.

Kva for ein kar er du?

På Moster har me fleire piggsvin gåandes rundt dørene, spennandes greier.
Hundane er veldig forsiktige med dei, piggsvina er litt skumle og. Er litt snøfting og slafsing på dei når dei finn seg litt mat. Frukt likar dei godt.  

Idyll

Her ligg velkomstkomiteen klar.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

31.01 | 14:19

:(

...
25.04 | 17:30

Nei, han fikk ikke dette igjen. Symptomene kjente vi og det var en trygghet i seg selv. Seff døde av alderdom, mett av dage. Vi hadde mange fine år sammen.

...
25.04 | 15:31

Fikk han dette igjen? Hva gjorde eventuelt dere for å forebygge dette?

...
25.04 | 13:06

God Påske til deg. Håper det går bra med hunden din, ja, det er vondt å se de slik. Seff forlot oss for sirka en mnd. siden, han ble 15,5 år gammel, trist.

...
Du liker denne siden